torsdag 18. november 2010

Podcast, wiki, nettsky, oppsummering

Sit her på jobb på biblioteket, ser litt på dei siste kursoppgåvene og tenkjer på de som er på kurssamling på Skei idag. Litt irriterande at eg ikkje kom meg avstad i dag. Mykje finare ver i Sogn og Fjordane i dag enn sist:-)
Podcast har eg sett litt på no, det og ser veldig interessant ut! Ein treng ikkje gå glipp av eit einaste NRK-program om ein har ei datamaskin med tilgang på internett! Og eg blir veldig imponert over dei flotte internett-sidene til mange folkebibliotek rundt omkring, og tilboda dei har. Det vert nok ei stund til Selje folkeboksamling er på dette stadiet, sikkert år. Wiki har eg ikkje jobba noko med, men nettsky blei eg litt nysgjerrig på. Eg er veldig fornøgd med å ha iGoogle som startside på heime-pcen min. Og før Sunnivakoret fekk eiga heimeside, låg alle notane våre i Google Doc, der alle songarane kunne gå inn med det same passordet. Så då delte vi tilgangen og informasjonen uansett kor vi held til i verden! Eg opplever ein verden eg ikkje visste eksisterte her inne, og eg har lært og lærer heile tida noko nytt. Eg er nok berre i startgropa... til å bli meir online:-) Til slutt for denne gang, ha ein fin dag og god helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar