onsdag 13. oktober 2010

Nyheitsstraumar og iGoogle

RSS og iGoogle er eg usikker på om eg egentleg forstår:-s Det tar iallefall ein del tid!:-) Eg abonnerer no på RSS-nyheitsstraumar frå nokre internettsider og blogger, håpar eg har gjort det rett! Eg har og oppretta ei iGoogle-side og prøvd meg på å legge til ting, det gjekk bra, trur eg! No prøvar eg å laste ned iGoogle som mi personlege startside, litt tregt nett i kveld, kanskje eg må ta det igjen seinare! Hvis eg klarer å lære dette og få det til å fungere, kan det hende det vert brukt heime. På jobb brukar vi andre startsider! Men kan nokon fortelje meg kva ein gadget er?

3 kommentarer:

  1. Har funne ut at å legge til gadget type hamster og skilpadder på igoogle sida mi fører til dårleg samvit! Dei skal jo ha mat...

    SvarSlett
  2. Ein gadget (også kalla widget, applikasjon, modul, plug-ins, snippets - kjært barn har mange namn!), er småprogram som let deg følge med på eller tilpasse informasjon og funksjonar som du ønskjer å følgje med på eller ha kjapp tilgang til. Som brukar får du sjå og ta i bruk gadgeten utan å måtte besøke nettstaden som gadgeten eigentleg køyrer frå.

    Døme på gadgetar er kalender, vêrmelding, kart, nyheitsstraumar, søk, e-post osv.

    Ein gadget kan puttast på ei valfri nettside som har støtte for gadgets eller HTML, feks. i igoogle, eller dei kan lastast ned på datamaskina di og ligge på skrivebordet ditt.

    SvarSlett