Eg har ikkje så stor erfaring med chatting. Eg har hatt MSN-konto og eg har Skype og Facebook på pc-en min no. MSN-kontoen sletta eg fordi der florerte mykje virus, men eg synes det var ustyrteleg moro å chatte med døtrene mine og mannen min, og legge til slike rare tegn og figurar istaden for ord:-)
Så har eg ei dotter, svigerson og to barnebarn som bur i Troms, og tenkjer på at det kan vere kjekt å bruke Skype i staden for telefonen når vi prater i lag. Men så langt har vi ikkje gjort det. Chatting på Facebook har eg brukt ein del. Så kjekt når eg sit og jobbar på datamaskinen om kvelden, plutseleg er der ein ven som gjev seg til kjenne og vi tar ein chatte-prat om kva vi styrer med og korleis ting står til. Vi er no blitt veldig avhengig av data, men eg synes no det er ein flott måte å halde kontakt og følge med familien og venene mine rundt om kring i landet, og verden med desse sosiale møteplassane eg, men alt må brukast med fornuft!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar