Sit her på jobb på biblioteket, ser litt på dei siste kursoppgåvene og tenkjer på de som er på kurssamling på Skei idag. Litt irriterande at eg ikkje kom meg avstad i dag. Mykje finare ver i Sogn og Fjordane i dag enn sist:-)
Podcast har eg sett litt på no, det og ser veldig interessant ut! Ein treng ikkje gå glipp av eit einaste NRK-program om ein har ei datamaskin med tilgang på internett! Og eg blir veldig imponert over dei flotte internett-sidene til mange folkebibliotek rundt omkring, og tilboda dei har. Det vert nok ei stund til Selje folkeboksamling er på dette stadiet, sikkert år. Wiki har eg ikkje jobba noko med, men nettsky blei eg litt nysgjerrig på. Eg er veldig fornøgd med å ha iGoogle som startside på heime-pcen min. Og før Sunnivakoret fekk eiga heimeside, låg alle notane våre i Google Doc, der alle songarane kunne gå inn med det same passordet. Så då delte vi tilgangen og informasjonen uansett kor vi held til i verden! Eg opplever ein verden eg ikkje visste eksisterte her inne, og eg har lært og lærer heile tida noko nytt. Eg er nok berre i startgropa... til å bli meir online:-) Til slutt for denne gang, ha ein fin dag og god helg!
torsdag 18. november 2010
onsdag 17. november 2010
Bilete, taggar og videodeling
Eg må innrømme at eg forstod meg ikkje heilt på Flickr, prøvde meg litt, men kom til for kort. Må nok utforske det meir! Eg har hatt litt for lita tid til å jobbe med kursoppgåvene, mykje som skjer i kultur-Selje både på jobb og fritid. Eg er og forhindra frå å komme på siste kurssamlinga i dag, men med Melody Gardot sin fantastiske versjon av "Somewhere over the Rainbow", ynskjer eg dokke alle bloggarar ein flott og lærerik dag!
Sosiale bokmerker
I kveld har eg blitt ein bokelskar:-) Logga meg inn og har lagt til nokre få bøker av favorittforfattarar eg har lest og skal lese. Svært interessant, her kjem eg til å utforske meir! Men korleis organiserer eg ei bokhylle?
fredag 29. oktober 2010
Origo og Twitter
Har ikkje hatt tid å jobba noke særleg med "leksene" mine denne veka. Har såvidt vore inn og sett på Origo og Twitter, og eg ser at dette tar tid å sette seg inn i, iallefall for meg... Så mange samfunn og velje mellom..., trur ikkje eg kan vere ein del av alle desse! Men, eg observerar at dette er måten det moderne mennesket i den moderne tid oppdaterer seg sjølv og andre på:-)
torsdag 28. oktober 2010
Som eg skriv i førre blogginnlegget mitt, synes eg Facebook er ganske topp. Eg tenkjer nok at ei Facebook-side kan vere ein måte og marknadsføre biblioteket på, men då må ein bruke litt tid på det! Privat kan det gå mange dagar mellom kvar gong eg er inne, og det kan gå lang tid mellom kvar gong eg skriv noko på tavla. På ei bibliotekside må ein ha faste rutiner for oppdatering, folk vil gå lei om der skjer ingenting...!
torsdag 21. oktober 2010
Nettsamfunn
Eg har Facebook-profil og har hatt den eit par år. Eg oppretta den etter at eg fekk mi eiga bærbare datamaskin, og i utgangspunktet for å kunne halde kontakt med dei tre døtrene mine som bur litt rundt omkring i landet. Men så lærte eg korleis eg søkte etter andre, og vener og bekjente kontakta meg. Dermed fekk eg fleire og fleire "vener". Nokre førespurdnader godtok eg og andre ikkje... Til å begynne med var eg veldig ivrig, no er eg inne nokre gongar i veka, når eg har lyst å sjå kva som skjer og kva folk styrer med! Og eg synes det er veldig kjekt å ha kontakt med vener og familie som bur langt vekke! Synes og det er kjekt å vere medlem av forskjellige grupper, synes og det er ein nyttig måte å marknadsføre arrangement!
Eg bryr meg ikkje så mykje om at folk skriv om brødbaking og golvvask, ein kvar får gjere som ein vil, så gjer eg som eg vil:-) Eg treng ikkje kommentere alt, og eg kan velge vekk det eg ikkje bryr meg om!
Eg er ikkje redd for privatlivet mitt. Eg kan sjølv velge korleis eg oppfører meg inne i eit nettsamfunn, som eg gjer ute i samfunnet;-) Eg er ein sosial person, er politikar og deltar mykje i kulturlivet og tenkjer at ein kan nå mange, spesielt unge med informasjon på nettsamfunn!
Eg trur at Facebook og kan vere nyttig for bibliotek! Ein vil nå mange med mykje informasjon om hendingar og arrangement!
Eg bryr meg ikkje så mykje om at folk skriv om brødbaking og golvvask, ein kvar får gjere som ein vil, så gjer eg som eg vil:-) Eg treng ikkje kommentere alt, og eg kan velge vekk det eg ikkje bryr meg om!
Eg er ikkje redd for privatlivet mitt. Eg kan sjølv velge korleis eg oppfører meg inne i eit nettsamfunn, som eg gjer ute i samfunnet;-) Eg er ein sosial person, er politikar og deltar mykje i kulturlivet og tenkjer at ein kan nå mange, spesielt unge med informasjon på nettsamfunn!
Eg trur at Facebook og kan vere nyttig for bibliotek! Ein vil nå mange med mykje informasjon om hendingar og arrangement!
onsdag 20. oktober 2010
Kurs i sosiale medier
Eg må berre få sagt at eg synes dette kurset i sosiale medier er veldig interessant og lærerikt, eg gler meg til fortsettelsen!
Sosiale bokmerker
Sit no og kikar litt på dette med sosiale bokmerker. Er usikker på om dette er nyttig for meg, men synes at Bokelskere.no ser interessant og artig ut. Eg er no ein bokelsker... Får sjå når eg får tid til å utforske det nærare. Gler meg elles til ny kurssamling i morgon. Ein del ting eg lurar på! Begynte å sjå i det i dag tidleg når snøveret sette inn for fullt, om eg kom meg til Skei.. Har no heldigvis fått skifta til vinterdekk på bilen min, var kø på verkstaden i dag. Snøen kom "som julekvelden på kjerringa" i år og:-)
lørdag 16. oktober 2010
Meir om nyheitsstraumer og iGoogle
Så er eg på blogg igjen. Det er laurdag, fridag og flott ver her ut med kysten, lettskya med sol innimellom:-) Eg har vore ein liten tur ut, ikkje langt, fordi eg må gjere ein innsats her heime i dag! Logga meg på for å sjå om eg hadde fått til det med å lage personleg startside og legge til RSS-nyheitsstramar, og jammen hadde det gått bra:-)) Det var så seint den kvelden eg sat og prøvde dette temaet at eg var usikker på læringsevna mi...! Så dette var inspirasjon til fortsettelsen:-)
onsdag 13. oktober 2010
Nyheitsstraumar og iGoogle
RSS og iGoogle er eg usikker på om eg egentleg forstår:-s Det tar iallefall ein del tid!:-) Eg abonnerer no på RSS-nyheitsstraumar frå nokre internettsider og blogger, håpar eg har gjort det rett! Eg har og oppretta ei iGoogle-side og prøvd meg på å legge til ting, det gjekk bra, trur eg! No prøvar eg å laste ned iGoogle som mi personlege startside, litt tregt nett i kveld, kanskje eg må ta det igjen seinare! Hvis eg klarer å lære dette og få det til å fungere, kan det hende det vert brukt heime. På jobb brukar vi andre startsider! Men kan nokon fortelje meg kva ein gadget er?
mandag 11. oktober 2010
"Direkte kommunikasjon"
Eg har ikkje så stor erfaring med chatting. Eg har hatt MSN-konto og eg har Skype og Facebook på pc-en min no. MSN-kontoen sletta eg fordi der florerte mykje virus, men eg synes det var ustyrteleg moro å chatte med døtrene mine og mannen min, og legge til slike rare tegn og figurar istaden for ord:-)
Så har eg ei dotter, svigerson og to barnebarn som bur i Troms, og tenkjer på at det kan vere kjekt å bruke Skype i staden for telefonen når vi prater i lag. Men så langt har vi ikkje gjort det. Chatting på Facebook har eg brukt ein del. Så kjekt når eg sit og jobbar på datamaskinen om kvelden, plutseleg er der ein ven som gjev seg til kjenne og vi tar ein chatte-prat om kva vi styrer med og korleis ting står til. Vi er no blitt veldig avhengig av data, men eg synes no det er ein flott måte å halde kontakt og følge med familien og venene mine rundt om kring i landet, og verden med desse sosiale møteplassane eg, men alt må brukast med fornuft!
Så har eg ei dotter, svigerson og to barnebarn som bur i Troms, og tenkjer på at det kan vere kjekt å bruke Skype i staden for telefonen når vi prater i lag. Men så langt har vi ikkje gjort det. Chatting på Facebook har eg brukt ein del. Så kjekt når eg sit og jobbar på datamaskinen om kvelden, plutseleg er der ein ven som gjev seg til kjenne og vi tar ein chatte-prat om kva vi styrer med og korleis ting står til. Vi er no blitt veldig avhengig av data, men eg synes no det er ein flott måte å halde kontakt og følge med familien og venene mine rundt om kring i landet, og verden med desse sosiale møteplassane eg, men alt må brukast med fornuft!
lørdag 9. oktober 2010
Oppgåve om blogging
Dette er skummelt, eg føler meg litt som "bambi på isen", ikkje heilt trygg! Eg var litt lei meg når eg reiste heim frå 1. samlinga. Følte eg fekk ein dårleg start når eg ikkje hadde kome meg på nett. No er eg visst i gong... Eg har no vore inne og redigert bloggen min fleire gonger før eg no prøver meg på skriving. Eg har tidlegare hatt MSN konto, Skype har eg prøvd nokre gongar og Fjesboka er eg blitt litt avhengig av å sjekke nokre gongar for veka, men dette med blogg synes eg er litt vanskeleg. Men som ein kollega seier, ein får øve og øve og øve. No lar eg det stå til...:-)
Abonner på:
Kommentarer (Atom)