torsdag 18. november 2010

Podcast, wiki, nettsky, oppsummering

Sit her på jobb på biblioteket, ser litt på dei siste kursoppgåvene og tenkjer på de som er på kurssamling på Skei idag. Litt irriterande at eg ikkje kom meg avstad i dag. Mykje finare ver i Sogn og Fjordane i dag enn sist:-)
Podcast har eg sett litt på no, det og ser veldig interessant ut! Ein treng ikkje gå glipp av eit einaste NRK-program om ein har ei datamaskin med tilgang på internett! Og eg blir veldig imponert over dei flotte internett-sidene til mange folkebibliotek rundt omkring, og tilboda dei har. Det vert nok ei stund til Selje folkeboksamling er på dette stadiet, sikkert år. Wiki har eg ikkje jobba noko med, men nettsky blei eg litt nysgjerrig på. Eg er veldig fornøgd med å ha iGoogle som startside på heime-pcen min. Og før Sunnivakoret fekk eiga heimeside, låg alle notane våre i Google Doc, der alle songarane kunne gå inn med det same passordet. Så då delte vi tilgangen og informasjonen uansett kor vi held til i verden! Eg opplever ein verden eg ikkje visste eksisterte her inne, og eg har lært og lærer heile tida noko nytt. Eg er nok berre i startgropa... til å bli meir online:-) Til slutt for denne gang, ha ein fin dag og god helg!

onsdag 17. november 2010

Bilete, taggar og videodeling

Eg må innrømme at eg forstod meg ikkje heilt på Flickr, prøvde meg litt, men kom til for kort. Må nok utforske det meir! Eg har hatt litt for lita tid til å jobbe med kursoppgåvene, mykje som skjer i kultur-Selje både på jobb og fritid. Eg er og forhindra frå å komme på siste kurssamlinga i dag, men med Melody Gardot sin fantastiske versjon av "Somewhere over the Rainbow", ynskjer eg dokke alle bloggarar ein flott og lærerik dag!

Melody Gardot - Over The Rainbow

Sosiale bokmerker

I kveld har eg blitt ein bokelskar:-) Logga meg inn og har lagt til nokre få bøker av favorittforfattarar eg har lest og skal lese. Svært interessant, her kjem eg til å utforske meir! Men korleis organiserer eg ei bokhylle?

fredag 29. oktober 2010

Origo og Twitter

Har ikkje hatt tid å jobba noke særleg med "leksene" mine denne veka. Har såvidt vore inn og sett på Origo og Twitter, og eg ser at dette tar tid å sette seg inn i, iallefall for meg... Så mange samfunn og velje mellom..., trur ikkje eg kan vere ein del av alle desse! Men, eg observerar at dette er måten det moderne mennesket i den moderne tid oppdaterer seg sjølv og andre på:-)

torsdag 28. oktober 2010

Facebook

Som eg skriv i førre blogginnlegget mitt, synes eg Facebook er ganske topp. Eg tenkjer nok at ei Facebook-side kan vere ein måte og marknadsføre biblioteket på, men då må ein bruke litt tid på det! Privat kan det gå mange dagar mellom kvar gong eg er inne, og det kan gå lang tid mellom kvar gong eg skriv noko på tavla. På ei bibliotekside må ein ha faste rutiner for oppdatering, folk vil gå lei om der skjer ingenting...!

torsdag 21. oktober 2010

Nettsamfunn

Eg har Facebook-profil og har hatt den eit par år. Eg oppretta den etter at eg fekk mi eiga bærbare datamaskin, og i utgangspunktet for å kunne halde kontakt med dei tre døtrene mine som bur litt rundt omkring i landet. Men så lærte eg korleis eg søkte etter andre, og vener og bekjente kontakta meg. Dermed fekk eg fleire og fleire "vener". Nokre førespurdnader godtok eg og andre ikkje... Til å begynne med var eg veldig ivrig, no er eg inne nokre gongar i veka, når eg har lyst å sjå kva som skjer og kva folk styrer med! Og eg synes det er veldig kjekt å ha kontakt med vener og familie som bur langt vekke! Synes og det er kjekt å vere medlem av forskjellige grupper, synes og det er ein nyttig måte å marknadsføre arrangement!
Eg bryr meg ikkje så mykje om at folk skriv om brødbaking og golvvask, ein kvar får gjere som ein vil, så gjer eg som eg vil:-) Eg treng ikkje kommentere alt, og eg kan velge vekk det eg ikkje bryr meg om!

Eg er ikkje redd for privatlivet mitt. Eg kan sjølv velge korleis eg oppfører meg inne i eit nettsamfunn, som eg gjer ute i samfunnet;-) Eg er ein sosial person, er politikar og deltar mykje i kulturlivet og tenkjer at ein kan nå mange, spesielt unge med informasjon på nettsamfunn!

Eg trur at Facebook og kan vere nyttig for bibliotek! Ein vil nå mange med mykje informasjon om hendingar og arrangement!